Det var slektskap og venskap på kryss og tvers i dag då fire menn nytta den fine dagen til samling og for å dela gode minne. Det heile tok til kl. 12.00 med smørjemåltid på Stemneplassen med dei beste produkta frå Hjønnevåg. Det var uventa og maten smakte prima. Men, kven er så desse karane, alle i høg alder. Les meir:

Gjesting på Friheim Gardsmat, midt i produksjonen. F.v: Bjørgulv Eik, Anders Legland, Bjørg Inga Miljeteig, Gunnar Haugland og Harald Hjønnevåg.
  • Gunnar Haugland frå Klammeten, bur på Rubbestadneset og har i sitt yrkesaktive liv hatt arbeidet sitt på Wichmann, seinare Wartssila. Gunnar er i slekt med neste mann på lista:
  • Harald Hjønnevåg, tidlegare dagleg leiar i Brødrene Hjønnevåg. Harald er i dag pensjonist. Vi ser han ofte på vegen, på sine faste og daglege gåturar. Gunnar og Harald er gode vener og har ofte kontakt.
  • Bjørgulv Eik, snart 93 år, aktiv i musikklag, ungdomslag og historielag. Bjørgulv var for 75 år sidan elev på Sunnhordland folkehøgskule, mellom anna saman med
  • Anders Legland frå Fusa, bur på Bømlo. Legland er utdanna innan økonomifaget. Han var i ein fire årsperiode fram til 1971 tilsett på SØRAL på økonomikontoret. I dag er Legland mellom anna aktiv i Sunnhordland Senioruniversitet.
Gunnar Haugland ( t.h. ) sit på pulten sin frå skuletida på Haugland.

Etter samlinga på Stemneplassen med ei lita minnemarkering ved krigsminnesmerke, bar det på dalen. Anders Legland hadde kjøt med for pølseproduksjon på Friheim Gardsmat. Det var litt av ein overgang for bømlingane å koma øvst i Uskedalen, til Friheim under Ulvanoso.

På nedturen var det stopp på Haugland skulemuseum. Gunnar fekk syna pulten han sat på dei åra han var elev på krinsskulen. Han fortalde og delte skuleminne med dei andre karane. Harald fortalde at mor hans, Gudrun, gjekk skuleåra sine på Haugland.

Fire raske menn i slektskap og venskap kan sjå tilbake på ein minnerik dag i Uskedalen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal