
Slåtten er i full gang.
Fyrsteslåtten er i full gang. For dei som pakkar i siloballar, er mykje gjort på 2 – 3 dagar. Med forhaustar tek det noko meir tid. Ein tur i Uskedalen syner at mange fekk ein god start, alt i pinstihelga. Andre ventar litt og brukar det fine veret i denne veka. Lars Haugland haustar på fleire plassar i bygda, alt frå Neset til nedre Musland. Han brukar forhaustar og legg graset i to vanlege silioar, den nye i den nye løa og i ein noko eldre. Runar Myklebust legg i plansilo. Det er med andre ord ulike metodar. Bilete syner fyrsteslåtten på Neset.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal