Då Kristian Olav Bringedal flytta inn i leileghet i Beinavikjo for vel 10 år sidan, var nok det eit bevisst valg. Eg trur at punkt ein som skulle oppfyllast, var nærleiken til sjø og det maritime. Som nummer to har eg ein mistanke om at han ønskte å bruka fritida si på andre ting enn plen og hage. Plenslåtten blei han likevel ikkje kvitt. Kristian er kjend for å bruka mykje av pensjonisttida si på frivillig innsats i bygda. Dette har medført at han no tar seg av plenslåtten tre forskjellige stader i bygda.

Mellom benkene må det og slåast!

Då eg svinga oppom Stemneplassen i bygda i føremiddag, var han i full gong med å slå plenen der,
-Ja, eg har ikkje plen sjølv, men eg slår tre ulike plenar, ler han og legg til. I tillegg til Stemneplassen slår eg ved Gamleskulen og ein privat plen. Når du skal gjera noko som frivillig, må du ha tid, vilje og oppgåver som passar deg.
Han forklarer at heile styret er med og tar ansvar på Stemneplassen og nemner at Audun Eik slår bråtet og Ove Myhre slår under benkene.

Kristian er leiar i Uskedal friluftslag som har ansvar for Stemneplassen. Siste året er det gjort ein stor dugnadsinnsats, og møterommet under scenen framstår no som heilt nytt. Det er mykje brukt både av faste brukarar og av meir tilfeldige leigetakarar. Prisane for å leiga det er svært rimeleg.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.