Slag i slag med årsmøte - i går var det Kvinnherad mållag sin tur.
Kvinnherad mållag med fast styremøteplass på Stemneplassen i Uskedalen hadde årsmøte i Bergslagen på Sunde i går kveld. Alle i styret tok attval. Målblomen 2024 gjekk til Offerdal Film v/ Merethe Offerdal Tveit for medvite bruk av nynorsk og dialekt i alle produksjonane hennar. Merethe har også laga film frå Uskedalen, mellom anna frå Haugland skulemuseum med elevar frå Uskedal skule i rollane.
Styret i Kvinnherad mållag:
- Kristian Bringedal – leiar
- Øystein Skjæveland – nestleiar
- Arne Torget – skrivar
- Anne Karin Fonneland – styremedlem
- Mari Mehl – styremedlem
- Varamedlemer: Eli Roseth Eik og Morten Nygård
- Rekneskapsførar: Lars B. Sæberg
- Revisor: Einar Gjertsen
Økonomien i laget er god og innan utgangen av 2023 hadde heile 174 medlemer betalt. På lista er det rundt rekna 200 medlemer.
Tekst/nett: Kristian bringedal Foto: Terje Fonneland