Skumringskonsert, julestemning og førebuing til jula.
Uskedal Musikklag er inne i ein aktiv førjulsperiode, i dag med skumringskonsert ved SPAR – torsdag på Rosendalstunet. Veret var på Veteranbandet og butikken si side. Det vart ei rettleg stemnngsstund. Dei nye raude nisseluene gjer sitt. Musikklaget står fram som ei homogen gruppe med klar profil.
På Rosendalstunet torsdag er det lagt opp til eit variert program med ei halvdeling mellom allsong og instrumental framføring. Songprogrammet har med velkjende julesongar, mellom anna Det kimer nå til julefest, Glade jul, Julekveldsvise og Det lyser i stille grender.
Samlinga på Rosendalstunet, torsdag kl. 16.30, er open for alle. Vi ser fram til ei gild stund. Ta turen då vel !
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal