Skulle prøva ny båt då dei såg mann i sjøen - helteinnsats av Viljar og Eirik.
Viljar Steinsletten ( 14 år ) ville syna syskenbarnet sitt, Eirik Langeland ( 13 år ) den nye båten sin. Dette var på sundag. På veg inn i båthamna i Uskedalen oppdaga Viljar mann i sjøen. Saman me Eirik tok dei kontakt og fann etterkvart ut at det var kritisk. Gutane tok kontakt med slekta og straks kom vaksne til og fekk dra mannen opp på flytebrygga. Viljar og Eirik tenkte og gjorde det rette. Dei utførte ein helteinnsats og berga truleg livet til mannen. Grenda skriv at foreldra var storleg nøgde med innsatsen til gutane. Ambulansen kom til og tok det vidare ansvaret for mannen. Bilete syner Viljar og Eirik i nyebåten.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kurt Haugland KJelde: Grenda 23.08.22