Skulen på 1940 og 1960 talet er tema for 7. klasse sitt filmprosjekt med filmskapar Merethe Offerdal Tveit som instruktør. Informantane er Bjørgulv Eik og Thor Inge Døssland. Den fyrste delen av innspelinga vart gjort i går i 11 tida. Dei 17 elevane med ulike arbeidsoppgåver var delte i to grupper, ei på skulen i arbeidet med tittel og rulletekst, ei gruppe i Gamleskulen med intervju, lyd og opptak.

Det er tredje gongen Merethe Offerdal Tveit er på Uskedal skule med tilbodet film innan Den kulturelle skulesekken. Det er 7. klasse i Kvinnherad som har denne aktiviteten. Før har det vore laga film frå Haugland skulemuseum og om Hjørdis Holgersen med livsminne frå det å driva handel før. Det er totalt laga om lag 40 filmar på skulane i Kvinnherad.

Bjørgulv Eik ( f. 1932 ) gjekk på skulen i 8 år, frå 1939 til 1947. Han vart konfirmert i 1947. Han saman med fleire i klasse åra seint på året og fekk difor gå åtte år i folkeskulen. Han fortalde i samtalen med elevane at han mellom anna hadde Anna Omvik i Småskulen og Johan Omvik i Storskulen. Skuledagen starta kl. 09.00 og han gjekk 3. kvar dag i veka på skulen. I friminuttane var det leik, slå ball, hinka paradis og nokre fekk lov å klinka med eitøringar.

Thor Inge Døssland fortalde om skuletida si på 1960 talet.

Eit av spørsmåla var om han minnest nokre spesielle hendingar. Då fortalde Bjørgulv om det å gå på skulen i krigsåra med innelåste radioapparat på skulehuslemen. Det vart gjort innbrot for å lytta på radiosendinga frå London. Då kom lensmannen og måtte finna ut kva som skjedde.

Faga den gongen var mellom anna Bibelsoga, rekning, lesing, landkunna. Klassen hadde ikkje gymnastikk, men det var mykje leik og springing. Det var mykje lekser og salmeversa måtte lærast utaboks. Sløyd fekk han fyrst på framhaldsskulen.

Det var utedo, to for gutane og eit for jentene. Dessutan var det vedhus, ei skykkja. Oppvarminga var vedfyring.

Neste informant, Thor Inge Døssland ( f. 1954 ) fortalde om skuletida si med overgangen til nyeskuken.. Han var elev i perioden 1961 til 1968. Lærarane var Anna Omvik, Britt Jorunn Sandal ( g. Arnesen ), Hans Albrethson, Ståle Eik og nokre til. Thor Inge var ein av dei som i nokre år, hadde skule i Samyrkjelaget ( Kopen ).

Arbeidet vidare i filmprosjektet er å finna noko i det, som var fortald, som kan dramatiserast. Ein vil skapa nokre scenar der elevane vert tildelte roller.

Filmen vert til slutt klipt og redigert til ei framsyning på ti minuttar. Åse
Myklebust Neset er kontaktlæraren.

Informantane vert takka og overrekt blomekvast av Torger Johan Koløy.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Åse Myklebust Neset