Ein lang tradisjon med julekonsert kunne vorte broten i år dersom det ikkje var for Uskedal skulemusikk. Julekonserten i kyrkja vart avlyst i koronatida. Då var det ekstra gildt og stemningsfullt med at Skulemusikken invterte til minikonsert ved Strandstovo i Båthamna. På programmet stod variert julemusikk framført av eit samla korps og av fem grupper. Julemelodiane Vi tenner våre lykter, We vish you a merry Christmas og Mitt hjerte alltid vanker høyrer med. Konserten vart opna med Nå tennes tusen julelys og avslutta med Deilig er jorden framført av heile korpset..

Per Håkon Korsvold er inne i si første sesong i korpset, og han viste at han hadde flott tone i instrumentet då han framførte “Pepparkaketango”.
Stemningfullt og vakkert var det då dei to kornettistane Anna Hermann Fossli og Erle Marie Korsvold framførte vakre “Vi tenner våre lykter”.
Nora Tungesvik, Ebba, Anna, Iver og Ola Hermann Fossli spelte flott saman i ei avdeling der dei framførte “Away in a manger” og “We wish you a merry Christmas.”
Her ser vi den flinke kvintetten frå ein annan vinkel.
Ebba Hermann Fossli har kome langt på kornetten. Det var verkeleg vakkert då ho framførte “Mitt hjarte alltid vanker” saman med Tor Skeie Olsen og Nils Rainer Vågen på understemmene.
Mileah og Mia(aspirant) er ganske nye på blåseinstrumenta sine. Dei kom godt frå det då dei framførte “Stille nå” saman med rutinerte Nelly Hermansen.

Musikalsk leiar, Tor Skeie Olsen, fekk juleblom med takk for eit godt og grundig arbeid med instruksjon og leiing. Styret takka Thor Inge Døssland for alltid god støtte og hjelp med mellom anna kunngjeringar og innlegg på uskedalen.no. Han fekk også juleblom.

Det er andre året Uskedal Skulemusikk skipar til julekonsert i Båthamna. I år var det meir folk enn i fjor. Er dette ein ny tradisjon som er komen for å bli ?

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal