Skulemusikken imponerer stadig med nye kreative og kjekke ting. I ettermiddag introduserte dei noko som dei kallar musikksti. For eit blinkskot!! Eg kjenner ikkje til at andre korps har arrangert noko liknande. Det var Haldis Aakra som kom med idèen til styret og dirigent Tor Skeie Olsen. Dei tende på idèen og i ettermiddag blei konseptet gjennomført. Det var så vellukka at om opplysningane eg sit med stemmer, burde kanskje Haldis Aakra sikra seg opphavstrett til konseptet.

Musikarane blei plassert på 10 postar i ei løype som gjekk frå Aktivitetshuset, om Neset opp gjennom Geilo og ned att til Aktivitetshuset langs kunstgrasbanen. På kvar post spela musikarane svært korte utdrag av kjende songar, og publikum skulle gissa kva song det var. På nokre postar kunne ein også velga vanskegrad, lett, medium eller vanskeleg. Øvst ser vi Anders på post 1. Han spela to-tre tonar, og så skulle vi komma fram til musikkstykket(Gammal jegermarsj). Kva og kven som spela på dei andre postane, finn de i bildetekstane nedanfor.

Etter turen i rundløypa var det samling i Aktivitetshuset der musikarane spelte heile songane sine, og kom med fasiten. Medan vi venta i spenning på resultatet, fekk vi servert saft, kaffi og gode kaker.
Resultatet av oppteljinga viste at det var to grupper som klarte 8 rette. Det var Marianne Borgen, Monica Svepstad og Mia Emilie Eikeland på eine laget, og Berit Lappegård og Dag Hermansen på det andre. Dermed måtte det loddtrekning til, og etter den kunne Monica Hermann overrekka gullmedaljen til Berit og Dag.

Her spelar Anders Gammel jegermarsj, og publikum får svar på post 1.

Musikkstikonseptet var svært vellukka av fleire grunnar:

  • Det var veldig kjekt for publikum.
  • Musikarane fekk god øving og framføring tilpassa sitt nivå.
  • Musikarane fekk god trening i å opptre åleine eller i små grupper.
  • Dei som hadde erfaring, kunne vera med å støtta dei som er heilt nye i korpset.
  • Vi fekk høyra eit variert og kjekt program.

Dette var også målsetjingane med arrangementet, kunne Monica Hermann i styret i skulemusikken fortelja. Ho var også veldig godt fornøgd med frammøtet av publikum.
– Vi var veldig spente på kor mange som ville komma. Dette var storveis, sa ho og kunne konstatera at det var fullsett rundt alle borda.
– Dette gav meirsmak så det kan godt vera at vi arrangerer noko liknande seinare.

Det håpar vi verkeleg! Det var veldig kjekt, ja, rett og slett eit blinkskot!

Post 2: Søstrene Vilde og Ylva hadde valt Bjelleklang.
Post 3: Nora, Ann Cecilie og Ebba testa oss i Bjørnen sover.
Post 4: Ebba og Nelly gav oss nokre tonar frå Bro, bro, brille.
Post 5: Nelly og Emilie sjekka om vi kunne høyra at det var Lille katt.
Post 6: Margrete og Mileah spelte nokre tonar frå Lille måltrost.
Post 7: Erle Marie og Anna testa oss i Flåklypa-songen.
Post 8: Per Håkon, Ola og Iver spelte litt frå Lisa gjekk til skolen.
Post 9: Iver og Ola lurte mange med tonane sine frå Pirots of the Carribean.
Post 10: Dirigent Tor gjer seg klar til eit par tonar av When the Saints.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.