Fire medlemer i Uskedal skulemusikk vart i går på avslutningskonserten tildelt 3 års-merke. Sjå bilete. F.v: Mileah Myklebust, Nora Haavik, Ann Cecilie Yri og Ylva Helgesen. Skulemusikken har mange solistar som er trygge ved å stå fram åleine med publikum i salen. Korpset gjennomførte ein variert konsert med humor og artige innslag. Nokre av innslaga som til dømes Tears of Heaven, vart gjennomført med komp på CD. Det fungerte fint. I skulemusikken kan alle vera med, frå det året du går i 2. klasse til det året du går ut av vidaregåande skule. Alle er med. Ingen sit på reservebenken.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal