Ei årleg hending i kyrkja er påskevandring, denne gongen for Skulekameratane på avdeling Bamsebu i barnehagen. Born og vaksne møter i inngangen til kyrkja. Tilsette på kyrkjekontoret ynskjer velkomne og fortel litt om skilnaden på julevandring og påskevandring. I jula var det ei julekrubbe med Jesus som lite barn. No er Jesus ein vaksen mann.

Borna er med på eit dramapedagogisk program med forteljing og roller. Sentralt i påskevandringa er:

  • Forteljinga om Sakkeus og den lamme mannen og om korleis livet deira vert endra i møte med Jesus
  • Om palmegreinene og påskemåltidet der Jesus vaskar læresveinane sine føter og tek på seg ei tenaroppgåve
  • Opplesing frå Bibelen om at Jesus måtte døy, overgangen frå det som er trist til Jesu oppstode og glede.
Borna er både lydhøyre og engasjerte når Toril Langeland fortel.

Borna er nysgjerrige og engasjerte. Så er det eit år til neste påskevandring i Uskedal kyrkje, men før det: Julevandring.

Påskevandringa vert avslutta framme i koren rundt altarringen. F.v: Oddbjørg Heimark og Jan Ove Fagerheim.
Tekst: Kristian Bringedal - kjelde: Kyrkjelydsbladet Påske 2019
Foto: Gry Måkestad Smidt
Nett: Kristian Bringedal