Skriv brev til Fylkeskommunen om brøyting og møteplassar. Positivt svar.
Møyfrid Kristoffersen skriv brev til Vestland Fylkeskommune om brøyting og møteplassar på vegen opp Uskedalen til Musland, Ho påpeikar at det er få møteplassar. Med mykje snø og brøyting er situasjonen verst. Vegen med ein køyrebane manglar møteplassar på lange strekningar. Dette fører til mykje rygging når to bilar møtest. Møyfrid bed om at Fylkeskommunen gjer seg kjend med saka, om kor langt det er mellom plassane for utkøyrsle.
I skrivet til Fylkeskommunen vert plassen ved Vonheim trekt fram. Her er det plass, men det er ikkje brøytt. Det same gjeld utkøyrsla ved det raude huset 500 meter lenger oppe. Dette er eit utleigehus, der det naturleg nok ikkje blir brøytt når det ikkje bur nokon der. Og det same igjen, gjeld det neste huset på strekninga, skriv Kristoffersen.
Møyfrid skriv vidare: Eg bed om at Fylkeskommunen gjer seg litt meir flid med brøyting av utkøyrslar på denne vegen opp dalen. Vegen har ganske høg trafikk, noko som fører til MANGE ryggingar.
Katrine Helle Riber frå Vegforvaltning Vestland, avdeling for infrastruktur og veg svarar slik:
Takk for e-posten din. Eg har vore i kontakt med ansvarlege på driftskontrakten vår, og tilbakemeldinga eg fekk var at brøytemannskapet skal køyre bort snø frå dei private avkøyrslene langs vegen. Vonar dette er hjelp på problema de opplever.
Tekst: Kristian Bringedal - redigert utdrag frå brevet Foto: Møyfrid Kristoffersen Nett: Kristian Bringedal