Skriftstyret finn bilete til neste årbok - stor interesse for skanninga.
Den siste opne skannekvlden før sommarferien er gjennomført. Skriftstyret fann gode bilete til neste årbok og i kveld vart det skanna og registrert bilete frå fotosamlingar frå Neset i Uskedalen. ( Sjå bilete ). Åsmund Kåre Rørvik med mor si frå Kvednavikjo kom og var med. Rørvik har over mange år skanna og registrert om lag 10 000 bilete og dokument frå private arkiv i slekta og frå Husnes. Frå Uskedalen har han mange foto frå Ljosnes og frå Skorpo. Åsmund Kåre har stor interesse for det arbeidet Uskedal Historielag gjer. Han føl godt meg og vil gjerne koma på opne møte i laget.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal