Den årlege turen til Skorpefjellet ( 234 m.o.h. ) er alltid like vellukka. I vakkert kultur- og naturlandskap tek du deg fram til toppen på ein liten halvtime. På toppen ser du heile sju kyrkjesokner. Dalane Eikedalen og Uskedalen er omkransa av fjella Manen, Englafjell, Ulvanoso. Hauglandsfjellet og Solfjell. Skorpefjellet er eit mykje brukt turmål, noko vi kan sjå av alle som skriv seg inn i turboka ved varden. Eit særkjenne på Skorpo er at turlagsboka alltid er like heil og fin. Tilsyn og ein god lagringsboks er svaret på dette. Ved andre registreringsplassar ser vi ofte at turboka er våt og held på gå i oppløysing. Ikkje på Skorpo. Her finn du turbok, bok til å skriva ode/vers i, kart med bilete av landskapet rundt.

Skorpevatnet med Eikedalen i bakgrunnen

Hogstfeltet i Kleivadalen og Andersdalen er godt synleg frå Skorpefjellet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal