Arbeidet med den nye skogsvegen på Døssland og Øvre Fedt starta i denne veka. Maskinane og utstyret kom på måndag. Alt dagen etter var hogsten i gang. Seks grunneigarar utgjer Englafjell Veglag. Det er Trond Olsen, Somsri Døssland, Torgeir Feet, Målfrid Tveito, Kåre Johan Myklebust og Frode Stensletten. Vegen er 1610 meter lang, frå innkøyringa på Døssland til grensa mot Nedre Fedt. I samtale med Johannes Kaldestad Feet kjem det fram at utførande entreprenør er Brødre Musland Maskin. AS Hjelmeland Hogst står for hogging i vegtraseen.

Skogsvegen går i lia frå Døssland (t.v.) til grensa mot Nedre Fedt (t.h.)

Det er estimert ca 27000 kubikkmeter skog i det område vegen går. Vegen er prosjektert av FanAgro. Totalt vert vegen og skogsprosjektet rekna som eit av dei større i Kvinnherad pr. i dag. Kaldestad presiserer at veglaget har fått god hjelp frå Kvinnherad kommune og FanAgro for gjennomføring av prosjektet. Prosjektet vert rekna som svært lønsamt med dagens tømmerprisar. Grunneigarane står samla bak tiltaket og ser fram til at vegen skal bli ferdig. Sjølve tømmeruttaket tek til våren/sommaren til neste år.

Uskedalen.no er merksam på at gards- og slektsnamnet Fet også vert skrive Feet eller Fedt. Skrivemåten Fedt i dette innlegget vert brukt slik informanten ynskjer det.

Dronebilete syner skogsuttak i vegtraseen.




Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Johannes Kaldestad Feet/ Hans Ordin Østebø