Skogsdrifta på Døssland og Feet er starta. Lia er bratt. Difor vert uttaket gjort med taubane. Frivik Taubane AS monterer taubanen. All skog vert teken ned til skogsvegen på bane, før kvisting og kapping og uttransport på bil til Børneset Tømmerkai for vidare utskiping med skip. Johannes Feet i Englafjell Veglag fortel at den daglege drifta går frå kl. 08.00 til kl. 18.00. Det gjeld alle dagane i veka bortsett frå sundagen. I tida det er drift vert skogsvegen stengd for allmenn ferdsel. Det er forbode å gå i terrenget under taubanen. Vegen vert skilta på Døssland om at det er tømmerdrift og at det ikkje er lov å parkera i og langs vegen. Vegen må vera fri for tømmertransport med vogntog. Det er heller ikkje lov å gå eller klyva i tømmerstablane.

Frivik Taubane AS gjer seg klar til skogsdrift i den bratte lia under Englafjell.

Styret i Englafjell Veglag vil gjerne at interesserte skal få informasjon og kunna sjå på kva som skjer. Skogsdrifta i lia under Englafjell vert godt synleg frå bygda, men i det bratte terrenget med taubanedrift er det viktig å tenkja sikkerhet.

Drifta vil gå i om lag ti månader framover. Totalt skal det takast ut 15000 kubikk. Ved normal drift tek ein ut 1500 – 2000 kubikk i månaden. Det er lagt opp til fleire synfaringar, mellom anna med skogforvaltinga på Fylket. Alt dette vert det informert om under vegs. Skogsdrifta startar i utmarka til Frode Stensletten.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Englafjell Veglag