
Skogplanting i stor skala i Uskedalen, fredag og laurdag. 20 000 planter på to dagar.
På oppdrag frå AT Skog var det skogpanting i stor skala i Uskedalen i helga. Trio sine G14 og G16 lag planta 20 000 granplanter på eit stort og bratt område. Foreldra hjelpte til. Kristine Reime hadde full kontroll på planter, grenser, utstyr og korleis jobben skulle utførast.

For å ta ut denne skogen er det brukt taubane. Ved gjenplanting er det difor trong for sprek ungdom og spreke foreldre. Søre Kvinnherad Skogeigarlag var imponerte over at ein kunne samla så mange, 40 på fredagen 60 på laurdagen.
Alle var godt nøgde og takksame då grunneigarar kom og grilla pølser. Det var ei positiv overrasking.

Søre Kvinnherad Skogeigarlag takkar grunneigarane for at dei slepp ungdomen til, og takk til AT Skog for oppdraget. AT leverer plantene som kjem frå norsk produsent.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Stig Tveito/Johannes Feet