Skogmøte i Uskedalen med representantar frå Landbruksdepartementet.
Uskedalen peikar seg ut som ei sentral bygd for å syna fram hogst med taubanedrift. I morgon, onsdag, vert det skipa til møte med representantar frå Landbruksdepartementet, Frivik Taubanedrift, AT Skog, Kvinnherad kommune og frå grunneigarane. På samlinga vil ein ha fokus på driftsmåte og vern av terrenget ved bruk av taubanedrift. Store mengder skog i Kvinnherad står i ulendt terreng, ofte langt meir vanskeleg til enn i Uskedalen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto