Uskedalen seglar opp som ei sentral bygd for tømmerhogst og utskiping over Børnes Tømmekai. Det er difor naturleg at arrangementet Skogkveld i Kvinnherad er lagt til Uskedalen, nemleg Dønhaug Gjestegard, torsdag 21. oktober kl. 17.00. AT skog og Sogn og Fjordane Skogselskap er formelle tilskiparar. Tema er: Skogfond og skogstiltak. Bilete syner drone over tømmehogsten i Kleivadalen, Andersdalen og lia mot grensa til Rød.

Arrangørane skriv at med gode tømmerprisar er det natueleg å hogga skogen tidlegare enn ein gjerne hadde tenkt. Då er det viktig å ha kontroll på skogfond og korleis ein kan nytta denne best mogeleg. Med rett skogfond-sats kan ein spara mykje. På skogkvelden vil ein gå gjennom tiltak som er viktige å ta med ved hogst og ikkje minst etterpå.

Tema for kvelden vil vera.

  • Skogsverdiar
  • Skogfond
  • Vegbygging
  • Planting
  • Ungskogpleie
  • Tilskot

Det vert servert kaffi og smørbrød. Arrangøren ynskjer påmelding.

Tekst: Pressemelding - redigert
Foto: Hans Ordin Østebø - drone 2021
Nett: Kristian Bringedal