Redaksjonen har i dei siste dagane motteke meldingar og telefonar som ein reaksjon på skiltinga i båthamna. Styreleiar i Uskedal Båtlag, Frode Ludvigsen, har merka seg støyen. Han forsikrar alle om at tiltaket ikkje er gjort for å stengja bygdefolket ute frå båthamna. Det gjeld også trongen for parkering ved gudstenester og gravferder. Det må halda fram som før. Problemet med parkering har direkte samanheng med langtidsparkering der bilar står over lengre tid og tek opp plassen for medlemer i båtlaget som skal på dagstur eller på fisketur. På feriedagar i påsken, på sommaren eller på utfartshelgar er det ikkje mogeleg å finna parkering.

Ludvigsen er klar på at noko av problemet har samanheng med hyttefolk på Skorpo. Dei er medlemer og har rett på parkering, men så kjem gjester og familie på besøk. Dei har med bil, ja, ofte fleire bilar. Det kan også vera lokale medlemer som set bilen i båthamna når dei reiser på båttur over fleire veker. Parkeringsplassen fyllest opp.

Det er i dag maks 30 parkeringsplassar i båthamna. Medlemsttalet er over 100 og med besøkande seier det seg sjølv at plassen strekk ikkje til. Styreleiar presiserer at parkeringsproblemet i båthamna har vore diskutert over mange år. Tiltak har vore prøvd før utan å finna ei god løysing.

Nei til gjennomkøyring gjeld plassen ved slippen og oppdraget. Det er trongt og smettet er direkte trafikkfarleg når nokon jobbar med eller dreg opp båt samtidig som det går trafikk framom.

Ludvigsen er merksam på at ordlyden på underskilta kan vera litt skarpe i kanten Han vil ta ei drøfting med styret om det.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal