Det er nyleg montert skilt i Eikevegen ved avkøyrsla til Sørestølen og Uskedal Vassverk sitt vassbehandlingsanlegg. Område er eit mykje brukt startpunkt for tur i Eikedalen og vidare til Englafjell og Manen. Det er Uskedal Vassverk saman med grunneigar og dei som bur langs vegen som har kosta og sett opp skiltet. Det er også dei same som tek kostnaden med vegvedlikehald. Bakgrunnen er mykje trafikk på den private vegen og parkering i område ved Vassverket sitt vassbehandlingsanlegg. Det har auka på med bubilar den siste tida. og det er synleg bos og avfall på plassen, også av menneskeleg avføring. Reserveinntaket ligg faktisk lågare i lende enn parkeringsplassen.

Skilting med forbod mot motorisert ferdsel til Sørestølen.

Det er styreleiar i Uskedal Vassverk, Hans Reidar Kjærland, som fortel dette til uskedalen.no. Bubilar frå Tyskland, England og Nederland er viste bort. I samtalen med turistane kjem det fram at sidan det ikkje er skilta, trur mange at her er det “fritt fram”. No er det tydeleg at det er forbod mot all motorisert ferdsel til Sørestølen. Forbodet gjeld ikkje for nyttetrafikk, gjester til fastbuande og for dei med rett til å bruka vegen.

Skiltet er på bokmål. Det er eit standard skilt henta frå katalog, privatrettslag godkjend, til bruk på privat veg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat