Skiltet Døsslandssido er tilbake på plass.
Skilta Døsslandssido og Kjærlandssido har borte borte i lengre tid. No er det montert nytt skilt som syner vegen til Døssland. Skiltet Kjærlandssido vart rive ned og låg lenge i elveskråninga ved Uskedal bru. Så lang vi kjenner til, er det teke vare på og lagt på lager, klart for montering. Lokale skilt er ofte avgjerande for om du finn kjapt fram på rett gateadresse, særleg for dei som ikkje køyrer på GPS. Konklusjonen er: La veg- og lokale skilt få vera på plassen sin.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal