Skilt ligg i veggrøfta.
Eit skilt som varslar Forkøyrsveg ligg i veggrøfta ved Uskedal bru. Skiltet var lenge overgrodd, men er no grave fram og sett opp slik at det er godt synleg for ansvarleg vegarbeidar. Skiltet står straks ved utkøyring på FV 48 ( 500 ) frå kommunal veg på Kjærlandssido. Eit tilsvarande skilt står på andre sida av vegen, på murkanten langs elva. Nokre andre skilt står litt på skakke både her og der.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal