Skicross-renn med Telenor-premiar.
Siste renn i skikarusellen tirsdag.
Skisesongen er på hell, og i morgon, tysdag, blir siste rennet i årets skikarusell arrangert i Fjellhaugen. Det er både nyskapande, spennande og artig. Det er nemleg eit skicross-renn i fristil, og det tel med i skikarusellen.
I forkant av sjølve rennet er det barnerenn som startar kl.18. Her håpar arrangørane på god deltaking og mange debutantar, også frå Uskedalen. Skicross-rennet startar ca. kl.18.20.
Påmeldinga skjer på stadion rett før rennet, og det er flotte premiar frå Telenor.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland