For vel ei veke sidan vart det gjort skade på eit skilt og deler av eit hagegjerde i svingen og avkøyrsla til Beinavikjo. Det var eit lastebil med hengar som ved eit uhell kom borti skiltet og gjerde. Sjåføren melde sjølv frå og skaden vert utbetra med det fyrste.

Det må seiast å vera ein svært skarp sving om ein kjem frå Beinavikjo og skal svinga inn på FV 48 ( 500 ) mot Rosendal. Det same er det sjølvsagt om ein skal ned i Beinavikjo og let vera å ta turen ut i busslomma ved skule eller ved Gamleskulen for å koma i rett køyreretning. Kvinnherad Vekstbedrift avdeling Trelast har mange vareleveringar i løpet av ei veke. Mange av desse er langtransportbilar og det kan til tider vera trongt og vanskeleg å ta seg fram.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal