Mosjonsklasse, aldersbestemte klassar, konkurranse, ung og gamal – alle finn vegen til motbakkeløpet Skårhaug Opp, Noregs lågaste i sitt slag. Arrangørane Uskedal Idrettslag og Uskedal Friluftslag er godt nøgde med eit deltakartal på 66 registrerte løparar og mosjonistar. Talet i fjor var 59 påmelde. I tillegg kjem dei som går løypa utan å vera registrert. Dårleg ver med vind og regn la ikkje nokon dempar på interessa. Toppbilete syner Harald Eide Saghaug, Milas Christensen og Mona Eide Saghaug. Rasmus ligg i vogna.

Sindre Omvik på veg mot toppen på Skårhaug.

I konkurranseklassen vann Sindre Omvik med Johannes Heien som ein god nummer to, den same plasseringa som i fjor. På tredjeplass kom Øystein Haldorsson. Vinnartida i år vart 5 min. og 13 sek.

Veteranbandet Uskedal Musikklag spelte friske tonar i det løparane kom fram til Stemneplassen og starta på motbakken mot toppen på Skårhaug. Åse Neset og Jofrid Eik sytte for kiosk med pølser i brød og drikke. Speaker på toppen var Per Korsvold.

Knut Sjøwall ( 89 år ) gjekk i mosjonsklassen. Knut brukar Friluftsplassen dagleg til sine turar.
Meir frå Skårhaug Opp med resultat kjem i eige innlegg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal