Skårhaug Opp - meir informasjon kjem i morgon.
Tysdag 15. august er Uskedal Idrettslag saman med Uskedal Friluftslag klar for motbakkeløpet Skårhaug Opp med konsert på Stemneplassen straks etter løpet. Komiteen har klar meir informasjon i morgon, onsdag 26. juli. Det er lagt opp for beste tid i ulike klassar, men også mosjonsklasse, mellom anna på idealtid. Arrangøren er takksam om nokon finn på morosame innslag i løpet eller langs traseen. Tidsplanen ser slik ut:
- kl. 17.00: Skårhaug Opp med start på Sandakaien. Mosjonsklassen startar kl. 16.30.
- kl. 18.00: Konsert på Stemneplassen med m.a. Uskedal Musikklag og Rustne Menn – premiutdeling, kiosk
Tekst/nett: Kristian Bringedal