Yr.no melder om regnver i morgon, tysdag 15. august. Difor er konserten og premieutdelinga flytta frå Stemneplassen til Strandstovo i båthamna. Motbakkeløpet Skårhaug Opp går etter oppsett plan med start på Sandakien frå kl. 16.30. Den 1,7 km lange løypa går via skulen, langs Stølavikjo og båthamnene, opp langs elva, over fylkesvegen, opp på Stemneplassen og med mål på Skårhaug 49 moh. Det er vakter der løypa kryssar veg og elles det er kan vera tvil om traseen.

Skårhaug Opp med start på Sandakaien.




I Strandstovo vert det konsert, kiosk, vedlotteri og hesteskokasting. Uskedal musikklag spelar før pausen. Rustne Menn har sitt innslag etter pausen. Det er gratis servering av lappar med syltetøy og kaffi. Saft til borna.

Arrangørane Uskedal Idrettslag og Uskedal Friluftslag ynskjer alle velkomne til Noregs lågaste motbakkeløp og konsert Musikklaget og Rustne Menn. Kom og ver med, anten som aktiv deltakar eller som publikum langs løypa.

Konserten og premieutdelinga er flytta til Strandstovo.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal