Arbeidet med skanning av foto og dokument held fram på Stemneplassen i kveld, frå kl. 18.00. No gjeld det mest dokument. Dersom du har prologar, songar, diplomar, gamle aksjebrev, protokollar, trykksaker og andre dokument av historisk og allmenn interesse, kom på møte i kveld. Skanninga vert gjort på plassen og du tek dokumnetet med deg. Gruppa var sist samla måndag 9. mai då det vart skanna 54 “nye” foto. 4 foto vart skanna på nytt med betre kvalitet. Om ikkje du har dokument, så kan det vera at du vil gjera deg kjend med laget og gruppa. Bilete syner Hans Ordin Østebø og Britt Iren Tjelle Østebø i arbeid med skanning.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal