Ingen må bruka den ytre delen av Uskedal Båtlag si hamn. Det gjeld på utsida av bølgebrytaren og på innsida mot moloen. Årsaka er at to kjettingar, som held bølgebrytaren i betong i retning mot nordvest, er slitna. Frå kvar kjetting er det montert mange lodd. Dermed er den flytande betongkaien ustabil og kan i dårleg ver bli pressa inn mot gangbrua og utliggjarane. Skaden kom til syne ved inspeksjøn med undersjøisk kamera. Plassen er førebels skilta. Bilete syner bølgebrytarane som er ein flytande betongkai.

Tekst: Uskedal Båtlag
Nett: Kristian Bringedal