Stjerneskotet SKAAR er klar for Festidalen, SKAAR har ei stemma som løftar deg høgt over Ulvanåso og ein energi som får Mannsvatnet til å koka over. Tekstuniverset er sterkt, popen er delikat, og beat’sa så spenstige at skråga får svinga sveitten av seg på dansejordet. Dette er den mest slagkraftige nye popen landet har å by på. Kleis på deg smilet og kom.

Den andre artisten, som er klar for Festidalen, er Tobias Sten. Sal opp, Sunnhordland. Frå Stord kjem det galopperande ei funklande ny køntristjerna. Gitaren er hans kompanjong, og hatten er hans flagg. Stemma er hans våpen, og magasinet er spekka med kjensler. Tobias Sten smelter hjarter med sitt knuste. Han snur svik til styrke. Og motstand til kjærleik.

Yekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal