Sju utstillarar frå Uskedalen på Jul i Rosendal.
Etter to år med pause var det i dag klart for ny marknad i Rosendal. Alt i september var messa fullteikna. Heile sju utstillarar med sine standar var med frå Uskedalen. Stemninga var god og så langt vi kunne sjå, var alle nøgde med godt sal. Berre ein halvtime etter messa var opna, var det mykje folk og kring kl. 12.00 var det kø i lokale og ved salsbodene. Nytt i år var det at Uskedal Historielag profilerte boka Den nære fortida ved sal for Rosendal Bokhandel. Toppbilete syner Inger Naterstad med nokre av sine produkt.
Frå Uskedal varelles desse med:
- Hjønnevåg
- Friheim Gardsmat
- Eik Gard
- Kjellaug Hella Myklebust
- Inger Naterstad
- Kjell Musland
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal