Heile åtte ulike prosjekt i Uskedalen vart i kveld tildelt gåve frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad. Sidan opptarten hausten 2011 er det totalt løyvd 148 millionar kroner, noko som utgjer kr. 10.000,- pr. innbyggjar i Kvinnherad. Kravet for å få tildeling er at det er ein god og tydeleg plan bak prosjektet med dokumentasjon og ei klar målgruppe. Tiltak for born og ungdom vert prioritert. Les meir kva søknader som nådde fram i denne omgang, sett opp i ei liste slik tildelinga var i kveld. Bilete syner ein glad gjeng saman med styreleiar Jan Magnus Aasen og nestleiar Magnhild Haugland.

  • Uskedal Idrettslag: kr. 400.000,- til Gull av grus ( Rullepark )
  • Uskedal Idrettslag: kr. 150.000,- til prosjektet Lys i hallen
  • Uskedal Utvikling : kr. 15.000,- til kjøledisk Kafe Tiaren
  • Uskedal Historielag: kr. 20.000,- til boka Den nære fortida
  • Uskedal Idrettslag: kr. 49.000,- til oppdatering av styrkerommet
  • Uskedal Utvikling: kr. 100.000,- til utviklng av badeplass
  • Uskedal Ungdomslag: kr. 107.000,- til vedlikehald Helgheim
  • Kvinnherad Skatepark: Summen kjem. Anlegget var planlagt plassert på Husnes, men er flytta til Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal