Sju forenkla førelegg etter fartskontroll. Ingen utslag på promille.
UP gjennomførte farts- og promillekontroll laurdag kveld i Uskedalen. Det vart utskrive sju forenkla førelegg for brot på fartsgrensa i 50 km sona. Høgste fart vart målt til 64 km/t. 43 sjåførar vart sjekka for rus. Ingen fekk raudt utslag på promillekontrollen. Laserkontrollen vart gjort i sentrum frå Brekketoppen mot busslomma i nedre Halsabrotet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal