Sjølvaste Ylvis kjem til Festidalen i 2025. Laurdagen sprett Ylvisbrørne opp på Festidalenscena og sparkar i gong tidenes hitparade. Og dei sparar ikkje på noko. «Skaol skadle,» «Jan Egeland,» «Stonehenge,» «The Fox» og resten av det latterlege repertoaret vil ljoma over dalen. Veslebror Bjarte er sjølvsagt med. Og ein godtepose musikarar av ypparste klasse som sjonglera sjangrar etter Bård og Vegard sine grenselause innfall. Det er rigga for rabalder og duka for dans.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal