Kabelskipet NAUTILUS MAXI frå Seløy Undervasservice har vore på fjorden i går og i dag og lagt ny høgspentkabel til Skorpo. Sjøkabelen går frå Børnes til Nautaneset og vidare i luftspenn fram til brukarane. Kjell Enes i BKK nett er prosjektleiar og fortel at arbeidet vert gjort for å sikra Skorpo med alle sine abonnentar sikker straum. Det gjeld både til hus, hytter og til dei som driv næring, som til dømes oppdrettsanlegget på nordsida.

Sjølve kabelstrekket i sjø er på 1700 meter. Det går frå Børneskaien fram til Nautaneset. På Børnes vert kabelen lagt i jord fram til koplingsskåp. På Skorpo går høgspenten 1000 meter i luftspenn frå ilandføring og fram til stasjon. Linja vert sydd saman med eksisterande linje frå nord, som går frå Ljosnes i sjø til Snilstveitøy og vidare fram til Skorpo.

Sjøkabel er sårbart og eit brot fører ofte til straumbrot på fleire dagar. Det er difor viktig å ha sikkerhet med to kablar fram til brukarane. Framføring av fiber til Skorpo er ein del av arbeidet. Fiber har vore etterspurd på Skorpo. No vert det ei løysing.

Seløy Undervasservice er registrert på Herøy ( Helgelandskysten ) og har oppdrag på heile kysten. Her saman med taubåt/vaktbåt.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs