Sunniva Eik Haave blei Norgesmeister etter imponerande klatring.
Oppdatering.
Sunniva Eik Haave deltar i NM i klatresporten buldring i Åsane Arena i helga. Ho er også favoritt. Ho blei intervjua på NRK1 før dagens konkurranse som favoritt i dameklassen. Ho er barnebarnet til Liv og Audun Eik. På bildet over ser vi ho i gang med konkurransen.
Buldresporten er i ferd med å bli meir aktuell her i Uskedalen og. Klatregruppa med Emil Stafsnes og Chris Fossli i spissen er nemleg godt i gong med dugnadsarbeid for å byggja opp eit buldreloft på lemen på Gamleskulen. Dette er ein sport som er blitt veldig populær dei siste åra. No kan de sjå NM på NRK1 med favoritt med uskedalsblod i årane.
Etter endt konkurranse hadde Sunniva klart å toppa alle dei 4 problema, og dermed vann ho NM-tittelen i den tøffe konkurransen. Ho viste imponerande klatring. Det var heilt imponerande å følgja med på korleis både ho og konkurrentane viste fantastisk kroppsbeherskelse og styrke for å komma seg opp til måla.
For underteikna var dette ein ny interessann og spennande TV-sport.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland