Etter 15. oktober aukar prisen med 50 kroner.

Førehandsalget av bok nr. 2 i den lokalhistoriske Uskedalsserien “Den nære fortida” har vore særs bra. Denne veka er siste mulighet til å kjøpa boka til redusert pris. Det gjer de ved å betala til vipps 76 38 03 (Uskedal Historielag) eller til bankkonto 3207.37.52026. Fram til og med 15.10. kostar boka 250,-kr (200,- for ei bok for betalande medlemmer i Uskdal Historielag.) Etter den tid blir det ordinær pris på 300,- kroner. Det er framleis litt, jamnt salg av fjorårets bok, og den er framleis i salg. Same pris: 300,- kr. Om nokon ønskjer boka/bøkene tilsendt, må dei hugsa å skriva fullstendig adresse og betala 90,- kr i tillegg.
Boka er no i trykkeriet, og det blir bokslepp i Helgheim 4. november kl.12. Då blir det henting av førehandskjøpte bøker, salg av bok 2 og bok 1, i tillegg til ulike innslag.
Skriftstyret er svært godt nøgde med årets bok.
Då er det berre å nytta seg av introduksjonstilbodet og betala rett sum til vipps 76 38 03 eller til konto 3207.37.52026 innan 15. oktober.

Arbeidet med bok 3, som kjem ut hausten 24, er alt i god gong, og rundt 2/3 av artiklane er alt plukka ut. Vi ser fram til mange gode bidrag både med bilde, artiklar og tips frå bygdefolk og andre.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland