Blandakoret Røysterett for Alle hadde i kveld si siste øving og gjennomgang av programmet før avreise til Færøyane tidleg torsdag morgon. Det er lagt opp til byvandring i Torshavn, bussturar, historisk føredrag og heile tre konsertar. Byvandringa vert leia av koret sin musikalske leiar, Maria Malmsten. Ho er kjend på plassen og kjenner musikk- og kulturlivet godt. Maria med familien har nemleg budd og jobba på Færøyane nokre år. Konsertane er lagt til Klaksvik, Finsen i Torshavn og domkyrkja i same byen.

Det manglar ikkje på engasjement der Matia Malmsten er musikalsk leiar.

På øvinga i kveld mangla fire songarar. Elles var alle med på den siste gjennomkøyringa før avreise. Frode Kladestad er koret sin faste akkompagnatør. I tillegg syng han bass. Til turen er det lånt inn nokre koristar frå Husnes Blandakor. Nokre av tekstane er lokale der Maria Malmsten og Svein Rimestad har ei “fast hand på rattet”.

Koret sin faste pianist, Frode Kaldestad, er med på turen.

Det er lagt inn noko fritid for dei som vil ta eigne avstikkarar og studie. Turen til Torshavn går via Kastrup. Det er direktefly på returen med ankomst Flesland seint på kvelden.

Uskedalen.no seier GOD TUR. Redaksjonen ventar at det vert skrive reiseskildring med bilete frå turen og konsertane.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal