Siste frist for bilete til utvandrarboka er 1. januar 2025.
Arbeidet med manuskript og innsamling av bilete er no inne i sluttfasen. Planen er at manuskriptet skal leverast på nyåret for vidare arbeid og formgjeving. Før den tid må vi ha fått inn alle bileta som kan tenkjast brukt i boka. Vi har hatt fleire rundar med skanning tidlegare i år og har no omlag 170 bilete å velja i. Stor takk til dei som har levert inn bileta.
Sjølv om vi då har ein del å velja i, tek vi gjerne imot fleire bilete. Dersom nokon har bilete som kan vera aktuelle for boka, så er dette ei siste oppmoding om å ta kontakt med ein av oss i historielaget for å avtala skanning. Det er for seint når boka er sett i produksjon. Frist for å levera bilete er 1. januar 2025. Ta kontakt direkte med Torkel Stensletten eller med Uskedal historielag.
Tekst: Torkel Stensletten Foto: Torkel Stensletten/ privat Nett: Kristian Bringedal