Singing Tweens har det travelt med øvingar og framføringar i tida fram mot jul. Øvinga er i kyrkja. Reidar Algerøy er med på piano. På øvinga 27. november etter skuletid vil ein øva til Open mikrofon som skal vera fredag 1. desember i samband med Julegrantenninga. Dei som går på barneskulen og som vil opptre, er hjarteleg velkomne på denne øvinga. Ta med tekst, notar, Singback og eller instrument. Borna vert fylgde til og frå skulen. Vi håper at elevar frå ungdomsskulen har lyst å vera med på Open mikrofon. Framføringane fram til jul ser då slik ut:

  • Fredag 1. desember: kl. 17.30: Julegrantenning med Open mikrofon. Singing Tweens syng tre songar før Open mikrofon. Påmelding innan måndag 27. november til Nelly Kjærland. Telefon: 950 82 320.
  • 18. og 19. desember: Konsert saman med Rosendal Barnekor, Rosendal Tweens og Sundagsskulen på Husnestunet og på Rosendalstunet
  • Juleafta i kyrkja kl. 14.00: Song og Juleopptrinnet Til Betlehem med skriftlesing.

Velkomne skal de vera.

Tekst/foto: Nelly KJærland
Nett: Kristian Bringedal