Sindre Eidsvik (39 år ) har avlagt fagprøven i feiarfaget. Han kan no kalla seg feiarsvein. Sindre er tidlegare mekanikar, men er no tilsett i Kvinnherad Brann og redning – førebyggjande avdeling. Han har i tillegg fast plass i Branntropp Uskedalen. Fagprøven har ein teoridel og ein praktisk del. I prøvenemnda var tilsette i avdeling brannvern frå Askøy og Bergen. Til Kvinnheringen fotel Sindre Eidsvik at mykje av fagprøven handlar om fyringsanlegg og kontroll av eldstader. I tillegg kjem alt brannførebyggjande arbeid og dokumentasjon. Kvinnherad har to feiarar i arbeid. Ein tredje stilling er lyst ut.

Sindre Eidsvik i aksjon på taket til Uskedalen Brygge i Beinavikjo.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Kvinnheringen