I går blei det trekt ut tre heldige vinnarar i Uskedal friluftslag sitt vedlotteri. Alt i morgon, mandag, startar ein ny runde med liknande lotteri. Då er det “kick-start” med loddsalg utanfor Spar-butikken frå ca. kl.11.
Veden kjem frå rydjing på dugnad på Stemneplassen, og det er blitt så mykje ved at det er nok til fleire lotterirundar. Også denne gongen blir det 15 sekker god ved som førstegevinst, og så blir det 10 og 5 sekker som 2. og 3.gevinst.
Dette må jo vera svært så fristande gevinstar ei ei tid med astronomiske straumprisar og stigande vedprisar.

I tillegg til salg ved Spar kan lodd også no kjøpast på nettet. Det er berre å vippsa til 60 55 65 så er vinnarsjansen på plass. Loddprisen er 100 kr.

Styret i Uskedal friluftlag har saman med andre gjort ein flott dugnadsinnsats, og både møtelokalet og uteområdet framstår finare og betre enn nokon gong. Møtelokalet er mykje brukt, både av faste og tilfeldige leigarar, og det velstelte uteområdet er absolutt å anbefala. Eignar seg for eksempel perfekt til picnic for barnefamiliar, og det kan kombinerast med tur til toppen av Skårhaug. Berre siste veka har underteikna møtt tilreisande barnefamiliar som har kosa seg der ved to høve.

Vedlotteriet blir trekt på konsertarrangement “med något attåt” som blir arrangert på Stemneplassen i første halvdel av august. Viss nokon ikkje fyrer med ved, men har lyst til å støtta arbeidet til friluftslaget, kan dei gje gåve ved å bruka same vippsnummer og merka med GÅVE, eller ein kan ordna det kontant utanfor Spar.
Bildet er henta frå sist det var loddsalg utanfor Spar.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Arkivfoto: Kristian O. Bringedal