
Sigrid Øyrehagen med stor utstilling i Galleri Banken Ølve, 7. juni - 13. juli.
Det er 10 år sidan Sigrid Øyrehagen, som er utflytta frå Uskedalen, viste bilda sine i Kvinnherad. No kjem ho til Galleri Banken i Ølve, med mange bilde frå ein lang kunstnarkarriere. Ho vil dekka veggene med nye og eldre arbeider, ein monotypi-instellasjon, landskapsbilde, interiør og stilleben. Bilete på topp har tittelen: Kveld i Uskedalen.
Bilda hennar er sterke og vakre, men kan og vekka uro. Det er minnebilde, draumar og fantasi, der me vert inviterte til å dikta vidare sjølve.
Sigrid Øyrehagen har vore aktiv utstillar sidan 1980 talet, og når me ikkje har sett arbeida hennar i Kvinnherad på 10 år, har ho stillt ut på Austlandet. Siste store utstilling var på Drammen Museum 2024.

Arbeida hennar er innkjøpte av mellom anna Nasjonalmuseet, Drammen Museum og Kvinnherad kommune. Ho har gjort fleire utsmykkingar og moteke mange stipend og prisar. Kunstutdanninga si har ho
frå Kunstakademieet og Kunsthandverkskolen i Oslo.

Me i Galleri Banken håpar at mange tek turen til Ølve opningsdagen og elles i utstillingsperioden.
Marta Nerhus 29.mai 2025
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal