Sigrid er klar for Festidalen.
Sigrid er ein hemningslaus gledespreiar. Ei ustoppeleg popkraft. Det dirrar av forventningar føre ei kvar scene ho entrar. Og endeleg er ho klar for Festidalen. Ungdommeleg og moden. Ujålete og fordømt sjarmerande. Dette er deileg potent sommarpop. Fylt til randen med pasjon. Ho blømer som våren sjølv i møte med publikum. Ja, sjå gjerne mot julestjerna no. Men hugs også at rett borti der, over taket på Dønhaug, lurar straks sommarsola. Kanskje ligg det ein billett under juletreet?
Tekst/foto: Henta frå Festidalen FB Nett: Kristian Bringedal