Signe Torill Skogseth er ny styreleiar for Kvinnherad Vekstbedrift. Gaute Lund og Gunhild Kvåle er også nye i styret til verksemda. Byte av kommunale styremdlemer vart gjort på generalforsamlinga 28. juni. Signe Torill Skoseth overtek etter Eskild Moen.

Møteboka syner at alle kommunale styremedlemer vart bytte ut med nye. Ut av styret gjekk: Magnhild Haugland, Greta Rød og Eskild Moen. Styrerepresentant for dei tilsette er Kristine S. Såtendal. Varamedlem frå Bedriftsklubben er Finn Guddal.

Gaute Lund fortel og stadfestar til uskedalen.no at han er spurt om å gå inn i styret for Kvinnherad Vekstbedrift, noko han er villig til.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto - Grenda