Senioruniversitetet sine 72 plassar til SALMON EYE rauk ut på nokre timar.
Kvinnherad Senioruniversitet avsluttar vårsemesteret med tur til installasjonen SALMON EYE, torsdag 11. mai. Billettane til dei 72 plassane rauk ut på nokre timar i går kveld. I grupper på 24 kl. 10, kl. 12 og kl. 14 går turen ut i fjorden med to heilektriske båtar. Det er Eide Fjordbruk som eig og driftar SALMON EYE. Laila Hervold Langesæter er formidlingsleiar og står for den praktiske gjennomføringa. SALMON EYE er med andre ord eit populært turmål. Ikkje alle kom med på turen denne gongen, men det kjem nye høve seinare.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal