Senioruniversitetet - Eva Røyrane kåserer om det typiske vestlandshuset torsdag 7. april kl. 11.00 på Husnes.
Du veit du er på Vestlandet når du ser det låge, avlange og som regel kvitmåla våningshuset med inngangsdør midt mellom stoveglasa i den symmetriske fasaden. Saman med den raude løa har dette huset prega gardstun og kulturlandskap i bygdene her vest sidan sist på 1800-talet. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist frå Jæren til Sunnmøre for å finna ulike variantar av denne bygningen. Dei drog for å sjekka ut korleis det står til med denne delen av kulturarven. Dei fann både forfall og vilje til å ta vare på dei gamle våningshusa.
Resultatet vart boka Vestlandshus som fortel ei spanande historie om ein samanbygd hustype med mykje historie mellom veggene. Eva Røyrane kjem til Senioruniversitetet i Kvinnherad torsdag 7. april. Ho tek publikum med på vestlandsreisa frå gard til gard. Blant anna blir det stopp i fleire tun som på ulike måtar har utvida eller bygd på gamlehuset for å skaffa meir plass til familieliv av i dag. Kvinnherad er rikt representert i boka.
Tekst: Pressemelding - tekst: Eva Røyrane Foto: Framsida av boka Vestlandshus - foto: Oddleiv Apneseth