Kvinnherad Senioruniversitet med fast styremøteplass i Uskedalen avslutta vårseemesteret med tur til den flytande installasjonen Salmon Eye som ligg ankra i Hardangerfjorden ved Snilstveitøy. Visninga starta på kaien i Rosendal før ein går ombord i ein av dei heilelektriske båtane Malm og Melder. Båtane med 12 sitjeplassar kvar tek deltakarane ut til Salmon Eye. Ombord i auga går ein gjennom ei styrt visningsprogram der alle føl det same opplegget.

Den digitale omvisninga starta på dekk 1 med film.

Omvisninga tek til med film før ein i grupper tek del i ei form for stasjonslæring med spørsmål og svar løyste på Ipad. Spørsmåla handlarfor det meste om havbruk, laksenæringa og miljø. Omvisninga vart avslutta på øvste dekk med oppsummering og høve til å stilla spørsmål. Alle fekk sjå plassen der det vert planlagt restaurantdrift.

I tre grupper vart ein ført innom stasjonar med faglege tema og oppgåver henta frå havbruk, matproduksjon og miljø.

Returen gjekk gjennom det vakre Kalvsund.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal