Senioruniversitetet avslutta vårsemesteret med tur til Salmon Eye. Seks personar frå Uskedalen var med på turen.
Kvinnherad Senioruniversitet med fast styremøteplass i Uskedalen avslutta vårseemesteret med tur til den flytande installasjonen Salmon Eye som ligg ankra i Hardangerfjorden ved Snilstveitøy. Visninga starta på kaien i Rosendal før ein går ombord i ein av dei heilelektriske båtane Malm og Melder. Båtane med 12 sitjeplassar kvar tek deltakarane ut til Salmon Eye. Ombord i auga går ein gjennom ei styrt visningsprogram der alle føl det same opplegget.
Omvisninga tek til med film før ein i grupper tek del i ei form for stasjonslæring med spørsmål og svar løyste på Ipad. Spørsmåla handlarfor det meste om havbruk, laksenæringa og miljø. Omvisninga vart avslutta på øvste dekk med oppsummering og høve til å stilla spørsmål. Alle fekk sjå plassen der det vert planlagt restaurantdrift.
Returen gjekk gjennom det vakre Kalvsund.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal